|

Mange nye til Gular
(22.01.2012) Som vanleg dei siste åra har Gular fått fleire sterke nye utøvarar. Frå BFG Fana har Kirsten Maraton Melkevik meldt overgang, presentasjon skulle nesten vere unødvendig - Kirsten har deltatt i fleire internasjonale maraton- og motbakkemeisterskap og har mange NM-titlar. Vi håpar at ho snart blir kvitt skadene så ho kan debutere i Gulardrakt. Vi dei siste åra fått mange sterke oddingar i klubben (Ingvill, Kjetil, Terje), og no har også stortalentet Thomas Solberg Eide (3:40 på 1500m som 19-åring i fjor) meldt seg over i Gular, saman med pappa Svein Erik og treningskamerat Jonny Kibsgaard. Frå Førde har vi fått unge Marius Vedvik, som var på juniorlandslaget i fjor både på nordisk og EM i terrengløp. På sprint har Malene Hjort (Fredrikstad), med pers under 12.00 på 100m meldt seg inn. På overgangslista finn vi også innmeldingar frå Ingvild og Solfrid Nerhus (Rosendal), Kjersti Fresvik (Røldal), Robin Kallekleiv (Laksevåg) og Kristian Ullern Faksvåg, medan Ingvild Berg Saksvik har gått tilbake til moderklubben Ranheim. Vi ønsker alle dei nye velkomne i klubben og nye og 'gamle' aktive lukke til med sesongen.
Erik Hovlandsdal vann Ask-løpet
(21.01.2012) Under dagens Ask-løp var det Erik Hovlandsdal som kom først i mål på 13:40, like bak Anders Huun Monsen si vinnartid i fjor. Vidar Dahle var 17 sekund bak, og lenger bak i feltet fann vi Anders Staude, Jonas Dalland og Lars Røttingen, som tok plassane 7, 8 og 9 med hhv. 14:36, 14:40 og 14:43. Reportasje på www.askfriidrett.no.
Kjetil vann Fri-karusellen
(21.01.2012) Onsdag vann Kjetil Foss Angeltvedt 5km på Fri-karusellen suverent med pene 15:16. Neste gong blir det kanskje betre ver og ei tid på 14-talet?
To innandørsstemne i vinter
(21.01.2012) Gular arrangerer to stemne i den nye innandørshallen på Leikvang i vinter, onsdag 15. februar og tysdag 6. mars. På stemnet 15. februar er det 60m, 60m hekk, 400m, 800m, kule og lengde. Øvingane 6. mars er dei same bortsett frå at det er høgde i staden for lengde, og dessutan er det 200m den dagen. Stemna er opne for utøvarar 15 år og eldre, og stemnestart er kl 1830. Tidsskjema blir lagt ut seinare.
Gular + Laksevåg = SANT!
(21.01.2012) Like før nyttår inngjekk friidrettsgruppene i Gular og Laksevåg ein samarbeidsavtale som inneber at Gular no er overbygningsklubb også for Laksevåg, i tillegg til dei klubbane vi alt har samarbeidsavtale med (Hovding, Bergens Turn, Strandebarm og Korlevoll-Odda). Vi ønsker med dette dei grønkledde frå Bergen vest hjarteleg velkomne i samarbeidet. Som kjent inneber slike samarbeidsavtaler at utøvarar i 15-19 års klassen stiller for moderklubben (i dette tilfelle Laksevåg) i aldersbestemte konkurransar, og for overbygningsklubben (Gular) i senior/junior. Laksevåg har, særleg på jentesida, mange gode utøvarar i denne aldersgruppa, med fjorårets norske seniormeister på 400m hekk, Vilde Svortevik, søstrene Paula og Beatrice Llano, Solveig Lie Onstad og Ingri Bøthun-Leganger som dei mest kjende. Breidda er også bra, og det blir ei spennande utfordring å ta ut stafettlaga til våren! I tillegg til mange gode aktive har Laksevåg også bane på Nygårdsmyren, denne har no fått fast dekke og Gular kjem til å legge ein del treningar dit, nokre stemne blir det nok også der. Fredag 17. februar satsar vi på å samle aktive, trenarar og leiarar frå alle samarbeidsklubbane på Laksevåg for felles trening, info, og 'bli-kjent', meir om dette seinare.
Så langt i vinter er det søstrene Llano som har markert seg mest innandørs, Paula (17) med 3.50 i stav og Beatrice (som fylte 14 rett før jul) med sterke 12.05 i kule 3kg, favorittøvinga hennar, slegge, blir som kjent ikkje arrangert innandørs. Solveig Lie Onstad (18) som deltar i løp frå korthekk til 1500m, har notert pene 9.47 på 60m hekk.
Opp gjennom historia har Laksevåg fått fram svært mange gode utøvarar i yngre årsklasser, vi nemner mellom anna 80-tals stjerner som Geir Søgnebotnen (medalje i junior-EM på 800m i 1985), Anne Beth Espetvedt (Hoven) og Geirmund Holsen, og frå nyare tid veit vi at juniorverdsmeister Isabelle Pedersen trådde sine første piggsko i Laksevåg-drakt. Gulars veterangruppe sin nestor Walther Olsen er også gammal Laksevåg-gut. Han er saman med radioreporter og stavhoppar/mangekjempar Jan Isdahl dei einaste som vi i farten kjem på har skifta klubb frå Laksevåg til Gular.
Inne-sesongen i gang
(21.01.2012) Medan heimesida har vore nede har innandørs-sesongen starta, og det er alt levert fleire gode prestasjonar. Vi nemner på herresida 7.04 på 60m og 3.12 (tangering av pers) i lengde u/t av Alexander Karlsson, 7.14 på 60m og 22.58 (inne-pers) på 200m av Torbjørn Lysne, 4.10 i stav av Thorleif Evanger. På damesida er det 16-årige Naomi van der Broeck frå Hovding som har markert seg med fine persar - 8.03 på 60m og 26.71 på 200m. Det blir nok fleire sterke resultat frå den nye friidrettshallen på Leikvang utover vinteren. Aktive frå vår nye samarbeidsklubb Laksevåg (sjå eiga sak) har også vore i aksjon innandørs, meir om det i omtalen av vår nye samarbeidsklubb frå vestre bydel.
PROBLEMER LØST!
(17.01.2011) Pga problemer med omlegging til ny server har hjemmesiden lagt nede siden nyttår. Men nå er problemene forhåpentligvis vekke så i løpet av kort tid vil vi være tilbake med nytt vedrørende overganger og ny samarbeidsklubb.
GODT NYTT ÅR!!
(31.12.2011) IL Gular, friidrett vil ønske alle medlemmer, støttespillere, tilhengere og lesere av hjemmesiden vår et riktig godt nytt år.
Kommunalt toppidrettstipend til Ingvill
(20.12.2011) Under en tilstelning i dag ble de fremste av byens idrettsutøvere og idrettstalenter hedret med kronedryss fra Bergen Kommune. Blant dem var Ingvill Måkestad Bovim som mottok kommunenes toppidrettstipend på kr. 40000. Vel fortjente penger som sikkert kommer godt med i forberedelsene inn mot OL. Ingvill selv var forhindret i å møte. I hennes sted var det en stolt tidligere leder av IL Gular, Harry Tvedt, som mottok prisen. Vi gratulerer Ingvill som nå er på vei ut på ny treningsleir.
Motbakkesamarbeid

(18.12.2012) I 2012 går Fløyen Opp, Ulriken Opp og Gullfjellet Opp sammen om å arrangere "Bergen Fjell Trippel". Dette blir et godt og attraktivt tilbud til alle som synes det er kjekt å se ny utfordringer, og ha noe å strekke seg etter.
Det blir god premiering til alle deltakere og de av de beste som ønsker å vise seg frem først opp til toppene....
Først ut er Fløyen Opp lørdag 5.mai. Ulriken Opp kan man nå 2 dager etter at 17.mai feiringen er over, altså lørdag 19.mai. Gullfjellet Opp følger som siste motbakke søndag 10.juni.
De 3 toppene gir større og større utfordringer etter som høydemeter og distanse øker gradvis. Men det er flere kategorier klasser å velge i - både TRIM, MOSJON og KONKURRANSE er blant valgmulighetene.
For de aller beste er det pengepremier som gjelder - og for Trippelen er det satt opp hhv kr 5000,- 3000,- og 2000,- for de 3 beste i kvinne - og herreklassen. Sammenlagt tid etter 3 fullførte løp er gjeldende. For alle andre er det egne deltakerpremier og trekning av premier på startnummer. Alt dette kommer i tillegg til de respektive løps egen premiering. Nettadresser til våre gode samarbeidspartnere - www.ulrikenopp.no og www.gullfjelletopp.no.
Kjetil vann løpskarusellen
(24.11.2011) Kjetil Foss Angeltvedt tok heim sigeren på 10km under løpskarusellen i Fana måndag 21. november. Med 31.55 i den fine novemberkvelden var han fire sekundar føre nykommaren Mulugeta Zewde Hulensav frå Norna-Salhus og tretten sekundar føre den mangeårige norske meisteren på 1500m, Morten Velde frå Haugesund, som er på veg tilbake etter ein skuffande sommarsesong. På 5km vart Jonas Dalland nr. 2 med 16.49. Vi ser at kondis.no gir Kjetil store oppslag, det er vi veldig glade for. Når ein som Kjetil er gode for 14.27 på 5000 og truleg rett i overkant av 30.00 på mila sommarstid så er det faktisk normalt at ein med litt press er god for 31.55 under gode forhold på denne tid av året. (Slike analyser skjer ein sjeldan på kondis.no). Vi gledar oss stort over at Kjetil spring veldig bra og er i god rute føre 2012 sesongen.
Attval på styret i friidrettsgruppa
(24.11.2011) På årsmøtet i går tok heile styret i friidrettsgruppa attval. Morten Straume går på sin 16. sesong som leiar, og med seg har han sportsleg leiar Nils Arne Løkkevik, administrativ leiar Knut Forthun, aktives representant Heidi Ann Bruknapp og statistikkførar, oppmann mellom/langdistanse menn m.m. Bjarte Bogstad.
Statistikkene oppdaterte
(19.11.2011) Bjarte har lagt siste hånd på årsstatistikken for 2011 samt oppdatert Alle tider og Klubbrekorder. Gå inn i Statistikkmenyen og bli oppdatert på idrottslagets sportslige status for sesongen 2011.
Kjetil klubbmeister i terrengløp
(12.11.2011) For fjerde år på rad arrangerte Gular klubbmeisterskap i terrengløp same dag som årsfesten. Løpet gjekk i nydeleg novembersol på Storetveitmarkene, og løypa var i overkant av 3km lang. Ikkje uventa vart det klar siger til Kjetil Foss Angeltvedt - byens beste 3000 og 5000m løpar i sesongen som gjekk. Vidare på resultatlista var det ei fin blanding av ungdommar og 'gamle heltar'. Dessverre var det tynn deltaking i dameklassen der Nora Systad var einsleg svale. Bileta kjem seinare. Vi takkar også fjorårsvinnar Anders Huun Monsen og resten av 'arrangørstaben' for godt arrangement og bra løypelegging.
Resultata:
Menn
1. Kjetil Foss Angeltvedt 9.57
2. Ådne Svahn Dæhlin 10.32
3. Bjarte Bogstad 10.33
4. Lars Røttingen 10.46
5. Jonas Dalland 10.59
6. Geir Storetvedt Skaten 11.04
7. Sondre Dingsør Skogen 11.04
8. Eirik Myrmel 11.11
9. Kristoffer Grindedal Janson 11.21
10. Kristian Ullern Faksvåg 11.22
11. Morten Kjønsberg 11.49
12. Marius Gerdes 12.17
13. Njål Kvendseth 12.43
Kvinner
1. Nora Systad 13.37
Ingvill og Kjetil i Kenya
(10.11.2011) Ingvill og Kjetil befinner seg for øyeblikket i det kenyanske høylandet og har sendt oss dette reisebrevet -
Ingvill og jeg ankom Iten, nær Eldoret i Kenya mandag 31.10 og har nå vert her i 10 dager. Begrunnelsen for destinasjonen er at Iten ligger ca 2400moh, som skal gjøre at resultatene blir enda bedre for oss begge, enn noen gang tidligere. Ingvill blir her i 4 uker for å virkelig komme i gang med treningen mot OL i London, mens jeg returnerer allerede føstkommende lørdag til jobb og familie. November er oppstartsmåneden for Ingvill, og det trenes mye på basiskvaliteter som utholdenhet og styrke. Jeg kom i gang litt tidligere, og ser frem mot noen innendørskonkurranser i februar.

Bildet er fra banen i Iten, hvor vi i går gjorde en sprint økt, 9x60m med gode pauser. På den måten stimulerer vi muskulaturen litt utover all den andre rolige løpingen her oppe. Håper alle dere andre i Gular har startet sesongen 2012, og at dere får noen gode treningsmåneder fremover. Vi sees og høres når startskuddene kommer litt senere i sesongen...
Løpe hilsener fra Ingvill og Kjetil
Fine plasseringar i lagserien
(20.10.2011) Banesesongen er så godt som over. Det ser ut som det blir 3.plass på herrelaget (beste på mange år) og 8.plass på damelaget. Stillinga finn ein her: http://www.friidrett.no/nyheter/Sider/Toukerigjenavserien.aspx. Vi takkar dei som stilte opp i litt uvanlege (for dei) øvingar på slutten av sesongen og sikra desse fine plasseringane.
Kjetil vann Frikarusellen
(20.10.2011) Kjetil Foss Angeltvedt er godt i gang med treninga for neste år. I går vann han 5km på Frikarusellen på fine 15:16 - 23 sekundar bak hans eigen løyperekord frå i vår.
Tomas vann Høstløpet
(19.10.2011) Tomas Windheim har flytta til Vestfold på grunn av studiar. I helga vann han Høstløpet i Tønsberg på ny løyperekord. Reportasjen kan du finne her: http://www.kondis.no/km-vestfold-og-siste-hoestloep.4972974-127676.html.
Kjetil nr. 14 i Furumomila
(19.10.2011) Kjetil Måkestad har starta oppkøyringa til neste sesong. Laurdag løp han i eit sterkt felt på Furumomila. Han vart 'berre' nr. 13 totalt på 32.07 (2:32 bak vinnar og VM-deltakar i maraton, Urige Buta. Men 10 km er ikkje yndlingsdistansen til Kjetil, så vi tar det som eit teikn på at han held på med å bygge opp ein soild treningsbase for neste sesong.
Tommy vann Fitjardalten
(11.10.2011) Vi har høyrt lite til vår mann i Tyskland, Tommy Laitinen, i år, på grunn av skade. I helga vann han imidlertid Fitjardalten, og var snaut halvminuttet bak sin eigen løyperekord i den rundt 9km lange løypa, bra under sure og kalde forhold. Vi får tru at vi får høyre meir til den nygifte stordabuen i komande sesong,
Treningsoppstart 17. oktober
(09.10.2011) Sesongen er over, og det er på tide å tenkje på å kome i gong med treninga for neste års sesong. Måndag 17. oktober kl 17.30 startar vi opp igjen med fellestreningar frå Bergen Katedralskole ("Katten"). Vi spring ut kl 17.30. Innetrening etterpå. Vel møtt til gamle og nye aktive!
May Britt vinner av motbakkecupen
(05.10.2011) May Britt kronet en flott motbakkeløpssessong sist lørdag. Da tok hun tredjeplassen i "Oslos bratteste" og tok dermed førsteplassen i årets motbakkecup. At May Britt har ekstremkvaliteter i ulendt terreng har hun vist ved flere anledninger, senest i Stoltzen. At hun også begynner å mestre løp der underlaget er jevnere og mer løpsvennlig har hun vist i vårt eget løp Fløyen Opp, og også nå i Oslo. En velfortjent tittel til en flott representant for idrottslaget. Vi gratulerer.
Frida tatt ut til terreng-nordisk
(30.09.2011) Frida Berge er tatt ut på det norske juniorlaget til terreng-nordisk i svenske Uddevalla 12. november. Distansen er 4.5 km.
Klubbrekord i kule av Katrine: 12.92
(30.09.2011) Under onsdagens seriestemne i Indre Arna slo Katrine Haarklau litt overraskande til med ny pers og klubbrekord i kule: 12.92. Dette er 23 cm lenger enn den gamle persen, og gir ein sjetteplass på årets norgesstatistikk. Katrine har slitt mykje med skader i år, og stemnet onsdag var det andre ho var med på i 2011. Men det har blitt mykje trening likevel, mellom anna rulleski og roing. Saman med Hilde Markhus Weir og Marte Svahn Dæhlin har ho sannsynlegvis sikra Gular plass i 1, divisjon for damer neste år også, alle desse har levert fin og sporty innsats på seriestemne dei siste par vekene. Hilde sette faktisk kretsrekord i diskos i klassen 40-44 år med 34.28!
May Britt vann Stoltzen
(26.09.2011) May Britt Buer vann dameklassen i Stoltzekleiven opp på råsterke 10:06, og fekk dermed revansje på Kirsten Melkevik, som slo henne i Fløyen Opp. Frida Berge vart nr. 5 på 11:11. Beste herreløpar frå Gular vart Hallvard Nilsen som tok 19. plassen med 9:28.
Ingvill nr. 4 i New York
(26.09.2011) Ingvill Måkestad Bovim avslutta sesongen med eit flott løp i Fifth Avenue Mile i New York, der ho vart nr. 4 på sterke 4:24.6, 2.3 sekundar bak vinnar og verdsmeister Shannon Rowbury. Løpet går som namnet seier på Fifth Avenue, og tidene kan difor ikkje godkjennast for rekordformål, dessutan ligg start litt høgare enn mål, men uansett veldig sterkt løpt av Ingvill. For statistikkinteresserte: 4:24.6 på Mile er verdt i underkant av 4:05.0 på 1500m.
Kjetil og Tomas nr. 12 og 15 i terreng-NM
(18.09.2011) Under dagens NM i terrengløp lang løype i Trondheim vart det 12. plass til Kjetil Foss Angeltvedt medan Tomas Windheim vart nr. 15. Dei var hhv. 2:07 og 2:38 bak vinnaren Sindre Buraas i den 10km lange løypa. Vi noterer oss at Tomas var på plassen før Petter Northug, han slo jo ogsa Mosviks store son i junior-NM på hinder for nokre år sidan. Tjalves sin sterke laginnsats (3,4 og 6 plass) tyder på at vi nok må skjerpe oss, og kanskje skaffe nokre nye løparar, for å kunne slå dei på neste års Holmenkollstafett.
Ingvill 4:03.79 i Brussel
(16.09.2011) Under kveldens Diamond League finale i Brussel sette Ingvill Måkestad Bovim årsbeste med 4:03.79, men måtte nøye seg med 14.plass i det litt for store feltet i den belgiske hovudstaden. Flott løpt av Ingvill som gjorde sitt nest beste løp nokon gong, berre persen på 4:02.20 er betre. Grete Waitz har to løp på 4:00, men ingen andre løp under 4:04. Ingvill leverte såleis det fjerde beste løpet av ei norsk - og nordisk - kvinne nokon gong.
Ingvill 2:00.93 i Zagreb
(13.09.2011) Under kveldens internasjonale stemne i den kroatiske hovudstaden Zagreb vart Ingvill Måkestad Bovim nr. 7 på 800m med 2:00.93, det femte beste løpet hennar nokon gong - og ingen andre norske damer har løpt så fort. Ingvill skriv sjølv på Facebook at det gjekk fort i 650m før det butta i mot. Dermed overlevde Ingvill sin rekord på 1:59.82, som ho sette nettopp i Zagreb i fjor, denne sesongen. Ingvill avsluttar banesesongen med 1500m i Diamond League i Brussel på fredag, då håpar vi på god fart i feltet slik at Ingvill får sjanse til å pynte på persen på 4:02.20.
Aldersrekord på Bergenslekene
(11.09.2011) Denne helga har samarbeidsklubbane Gular, Hovding og Bergens Turn arrangert Bergenslekene for gutar og jenter på Fana stadion. Stemnets beste prestasjon stod Marius Bull Hjeltnes frå Ulvik for med ny norsk aldersrekord i lengde gutar 15 år med 6.87, 1 cm over den gamle rekorden. Elles var det mange prestasjonar i norsktoppen i dei ulike aldersklassene. Blant samarbeidsklubbane sine utøvarar i aldersgruppene 15 år og eldre vil vi trekke fram Naomi van der Broeck, som vann 100m jenter 15 år på fine 12.94 - dessverre i litt for sterk medvind (+2.5). Resultata kjem på nettet i løpet av kvelden.
Ingvill 4:04.12, Ådne 1:50.49
(11.09.2011) Som kanskje mange har fått med seg, vart Ingvill Måkestad Bovim nr. 7 på 1500m under det internasjonale stemnet i italienske Rieti i går med 4:04.12, ho slo faktisk verdsmeisteren frå Daegu, Jennifer Simpson. Dette er det nest raskaste løpet til Ingvill nokon gong og femte raskaste løp av ei norsk kvinne, Grete Waitz har tre løp under 4:04.12. I dag vann Ådne Svahn Dæhlin 800m på eit stemne i nederlandske Hilversum med 1:50.49, årsbeste og sjetteplass på årets norske statistikk.
Alexander 10.76 på KM
(09.09.2011) Årets KM gjekk over to onsdagar på Fana stadion - 31.8 og 7.9. Det beste resultatet stod Alexander Karlsson for med 10.76 på 100m i vind +0.3 og regnver, pers med 2/100. Han avanserte dermed til delt 5.plass på årets Norgesstatistikk. Elles vil vi trekke fram 15-åringen Naomi van Broeck frå Hovding som persa til 5.16 i lengde.
Frida vann og persa i juniorlandskampen
(04.09.2011) Det foregår faktisk friidrett andre stader enn i Daegu. Under den nordiske juniorlandskampen i København i helga vann Frida Berge eit jamnt oppgjer med ei finsk og ei islandsk jente på flotte 4:27.14, berre vel sekundet bak tida frå storløpet på Bislett i juni. Dagen før sette ho ny pers på 3000m med 9:52.00, noko som heldt til tredjeplass bak to finske jenter. Alexander Karlsson hadde tatt turen til Mølndal ved Gøteborg der det var svensk elitestemne, og leverte fine prestasjonar på 100m og 200m med 10.85 og 21.74 i vindstille forhold.
FANTASTISK - INGVILL NR 6 i VM!
(01.09.2011) Etter eit godt taktisk løp vart Ingvill nr. 6 i VM-finalen på 1500m med 4:06.85, 98/100 frå bronse. Ho var langt framme heile vegen, men var ikkje sterk nok i spurten til å ta ein medalje. Vi gler oss alt til OL i London neste år! No etter VM har Ingvill fått plass i fleire sterke felt og tilhøva burde ligg til rette for rekordjakt både på 800m og 1500m. Den einaste Gular-utøvaren som har ei betre plassering i ein internasjonalt meisterskap for senior er diskoskastaren Knut Hjeltnes med 4. plassar i OL 1984 og 4. og 5.plassar i EM - og her skal ein hugse på at austblokklanda boikotta OL i 1984. På løpssida var det Arne Risa som hadde dei beste plasseringane før Ingvill sitt flotte løp i dag - Arne har 6.plass i EM og 8.plass i OL - begge på 3000m hinder. Nok statistikk - Gular er utruleg stolte av Ingvill sin innsats og det er ein kjempestor inspirasjon for oss alle! Heia Odda!
INGVILL TIL FINALEN I VM!
(30.08.2011) I forsøksheatet på 1500m under VM i Daegu søndag vart Ingvill Måkestad Bovim nr. 8 i sitt heat på 1500m med 4:08.26, og gjekk dermed vidare på tid til tysdagens semifinale. Der løp ho sterkt og taktisk klokt og vart nr. 4 i det andre heatet på 4:08.03 - og er dermed i VM-finale som FØRSTE norske mann eller kvinne på 1500m nokon gong. Finalen går klokka 13.55 norsk tid torsdag. Heller ikkje i OL har Norge hatt mange finalistar på 1500m, Grete Waitz kom aldri til OL-finale på denne distansen trass i at ho sette norsk rekord med 4:04.80 under semifinalen i OL i Montreal 1976. På herresida har vi hatt to OL-finalistar, Audun Boysen i Helsinki i 1952 og Gulars eigen Arne Hamarsland i Roma i 1960. I EM er Grete Waitz sin bronse frå Roma i 1974 og femteplass frå Praha i 1978 dei beste plasseringane uansett kjønn, i Praha sette ho den gjeldande norske og nordiske rekorden på 4:00.55. Kanskje Ingvill kan lukte på den i finalen eller seinare i år - vi minner også om at vi fortsatt har 'berre' 99 Gularløparar under 4:00 gjennom tidene og det hadde vore ekstra hyggeleg om Ingvill vart nr. 100........
Sju gull på veteran-NM
(28.08.2011) Under helgas veteran-NM i Drammen har Gulars eldre garde plukka med seg mange gullmedaljar. Fredag vart det tre gull: Trygve Monstad (3.01 i lengde) og Magne Limevåg (18.19 på 100m) i menn veteran 80-84 år, og Bjarte Bogstad vann 5000m i 45-49 årsklassen på 15:52.83. Laurdag tok Magne Limevåg gull på 200m med 41.74 og Trygve Monstad gull i høgde med 1.13. Same Monstad kasta også 1kg-diskosen 19.56, noko som heldt til bronse. I eit jamt oppgjer på 200m i 70-74 års klassen vart det sølv til Leif Osa på 32.38, berre 18/100 bak vinnaren. Kjell Sælensminde tok her bronse på 33.03. På 1000m stafett vart det gull både i 70-79 års klassen med 3:13.03 (Harry Tvedt-Kjell Sælensminde-Rolf Mjøs-Leif Osa) og i 80-89 års klassen med 4:18.73 (Magne Limevåg-Trygve Monstad-Peder Heggestad-Leif Bjordal). Den einaste medaljen søndag tok Leif Bjordal då han kasta 21.16 i spyd og sikra bronse i 80-84 års klassen. Asgeir Thomassen var også med på NM, men kom ikkje på pallen denne gong, derimot gjorde han ein flott jobb som sekundant på 5000m.
UM: Gull og sølv både til Frida og Kjetil, bronse til Sondre
(28.08.2011) Under helgas UM i Fredrikstad har unge utøvarar frå samarbeidsklubbane våre prestert flotte resultat. Frida Berge frå Strandebarm vann suverent 2000m hinder i jenter 17 år på ny juniorkretsrekord 6:50.15, sju sekundar betre enn den gamle rekorden som ho sjølv hadde. Hadde ho løpt endå 2 sekund fortare hadde ho kome inn på topp-20 på årets verdsstatistikk for jenter U18! På ein blåsande søndag vart det sølv til Frida på 800m med 2:18.07, 37/100 frå gullet.I tresteg persa Kjetil Lammedal frå Strandebarm med 10cm og vann tresteg med 13.25, han tok også sølv i lengde med 6.41 i sterk medvind. I eit sterkt felt i 800m gutar 15 år vart det bronse og ny pers på Sondre Dingsør Skogen frå Bergens Turn på flotte 2:01.16. Han var med dette fattige 4/100 bak Sigurd Edvardsen sin 17 år gamle klubbrekord i BT i gutar 15 år. Biletet under er henta frå nettsida til UM og viser medaljetrioen på 800m gutar 15år - Sondre til høgre.
Sterk 600m av Sondre
(24.08.2011) Unge Sondre Dingsør Skogen held fram med å imponere. Fredag vann han eit sterkt felt på 600m i 15-års klassen under Stordleikane på 1:26.56. Det ser elles ut som 1996-årsklassen er den sterkaste på mellomdistanse for gutar her i kretsen på lang tid. I same heat (!) løp to år eldre Frida Berge på 1:39.09. Vi tar også med at Jarle Hollund forrige veke løp 200m på 22.72 på Leikvang, berre nokre få hundredelar bak persen.
Bilete frå NM
(24.08.2011) Espen Kolderup tok mange fine bilete under NM på Byrkjelo, du kan sjå dei her: http://razetiger.smugmug.com/Other/NM-Byrkjelo/18645149_DvzZnK#1441121016_QbtK54X
TAKK!!
(23.08.2011) Gular har for første gang arrangert Fløyen Opp. Ca. 340 påmeldte, 300 til start. Vi kunne selvfølgelig ønsket oss flere løpere, men et sted må vi begynne. Det viktigste for oss var å gjennomføre et godt arrangement som bygger rennomé og gir grunnlag for vekst i løpet av årene som kommer. Dette greide vi, mye på grunn av den flotte jobben klubbens funksjonærer gjorde. Løpets hovedkomité, Pål Huun Monsen, Arne Risa og Knut Forthun, vil med dette rette en stor takk til alle som bidro og håper og tror vi kan komme tilbake ved neste korsvei. Om det blir i august eller i mai har vi ikke bestemt oss for ennå, men målet vårt er et like godt arrangement og minst dobbelt så mange deltakere. Vi skal snart gjøre en evaluering, og i den forbindelse er vi interesserte i innspill fra dere om ting som var bra og mindre bra. All konstruktiv kritikk er bra.
Bislett: Torbjørn 48.69, Ådne 1:50.96
(20.08.2011) Under dagens Norway Games på Bislett leverte Torbjørn Lysne og Ådne Svahn Dæhlin sterke løp. Torbjørn vart nr. 2 på 400m på ny pers 48.69, som gir ein 7.plass på Gulars alle-tiders statistikk. Ådne vann 800m på årsbeste 1:50.96, og løp etterpå 400m på 50.07, ikkje verst med ein 800m i beina eit par timar før. Ådne har jo i karrieren 25 løp under 1:50, kan det bli fleire? Torbjørn har persa med heile 77/100 i løpet av sesongen, og er nr. 6 på årets norske 400m-statistikk, berre 6/100 bak jamgamle Martin Loftås Kåstad sin kretsårsbeste. Vi får håpe desse to og mange andre lovande ungdomar kan bidra til nivåheving på norsk 400m-løping, akkurat no ser det ut som det går mot to år på rad utan nordmenn under 48.0. Før 2010 måtte vi tilbake til før nettredaktøren vart fødd for å finne forrige år utan nordmenn under 48.0!
Johan Bugge og Kirsten Melkevik vann Fløyen Opp
(20.08.2011) Johan Bugge frå Eidsvåg IL i Møre og Romsdal og Kirsten Melkevik frå BFG Fana vann det første Fløyen Opp. Bugge vann på 14.23, 17 sekundar føre Gulars Terje Aggvin. Kirsten Melkevik klatra opp på 15.55, 45 sekund føre Gulars May Britt Buer. Meir reportasje kjem på www.floyenopp.no
Alexander og Sondre i bra form
(19.08.2011) Under Norway Games i kveld løp Alexander Karlsson på 10.79 i regnfulle Oslo, berre 1/100 bak motvindspersen frå tørrare klima i Byrkjelo (der det for øvrig plaska ned dagen etter at NM var ferdig!). Alexander skal også løpe 200m i helga, og Torbjørn Lysne skal springe 200m og 400m - ser vi 48-talet? Nokon lurer kanskje på kven Sondre i overskrifta er - det er 15-åringen Sondre Dingsør Skogen frå Bergens Turn som løp på sterke 52.94 på 400m (og 24.53 på 200m) under Gneistspelen i helga. Dette held til ein 8.plass på kretsens tøffe alle-tiders statistikk på 400m gutar 15 år -og sesongen er ikkje over!
Frida på juniorlandslaget
(19.08.2011) Frida Berge er tatt ut på det norske juniorlandslaget til den nordiske juniorlandskampen i København 3-4. september, der ho skal springe 1500m og 3000m. Før det blir det 800m og 2000m hinder på UM neste helg. Vi har elles funne ut at Frida vart den yngste norske meisteren på 1500m nokon gong, ho var nokre månader yngre enn kva den avdøde løpardronninga Grete (Andersen) Waitz var då ho tok sin første av 8 NM-titlar på distansen. I meisterskap er jo ikkje tida viktig, men vi noterer oss også at Frida si vinnartid var den svakaste sidan det første NM-et på distansen i 1969 - utan at det på nokon måte skal forringe Frida sitt flotte løp på Byrkjelo.
Beste NM på 10 år for Gular!
(14.08.2011) Under NM i friidrett på Byrkjelo i helga tok Gular totalt 2 gull, 3 sølv og 3 bronse, den største medaljehausten i eit hovud-NM på 10 år, noko få eller ingen hadde rekna med før helga. Etter ein medaljefri fredag tok det seg kraftig opp på laurdag. Ingvill Måkestad Bovim sette meisterskapsrekord på 800m i år som i fjor, og kom inn på 2:02.03 i eit flott sololøp. Alexander Karlsson viste god form alt på 100m fredag, men etter pers på 10.78 i semifinalen (i motvind) vart det tjuvstart-disk i finalen då han glei ut av blokka. På 200m laurdag vart det imidlertid pers både i forsøk og finale, finaleløpet på 21.52 gav sølv og var heile tre tidelar under den gamle persen. Ådne Svahn Dæhlin tok bronse i eit lureløp på 800m med 1:55.94. Den siste medaljen laurdag gjekk til Ingeborg Lind som tok eit klart sølv på 3000m hinder på 10:59.05, like bak persen. På søndagen vart det også fire medaljar. Tre av dei kom på 1500m. Frida Berge drog mykje av løpet, vart forbigått med omlag 200m igjen, men kom tilbake på oppløpssida og vann klart på 4:33.26. Ingeborg Lind kom fint på slutten og tok bronse på 4:34.95, berre 16/100 frå sølvet. I lureløpet i herreklassen tok Kjetil Måkestad sølv med 4:00.10, berre 8/100 føre bronsevinnaren. Den siste medaljen kom på 1000m stafett, der kvartetten Jarle Hollund, Alexander Karlsson, Torbjørn Lysne og Ådne Svahn Dæhlin løp inn til bronse på 1:55.38, 17/100 frå andreplassen. Både Alexander, Frida, Ingeborg og Kjetil tok sine første individuelle medaljar i eit utandørs senior-NM på bane, og det var første gong Gular tok medalje for kvinner på distansar over 800 meter.Sist Gular tok ein av dei to øverste plassane på pallen på 1500m for menn i NM var i 1980 (!) - då Anfin Rosendahl vann sin legendariske trippel (1500m/5000m/3000m hinder) i Bodø - etter det har det 'berre' blitt bronse dei gongen Gular har tatt medalje på distansen - fram til i dag.
Det var også fleire andre fine plasseringar og persar å glede seg over. Torbjørn Lysne persa i semifinalen på 400m med 49.08, men då han var i det hardaste heatet, heldt det ikkje til finaleplass. Inge Tansø tok ein flott 6.plass i spyd med 66.65, klubbrekord og pers med over to meter. Sjetteplass vart det også på NM-debutanten Thorleif Evanger i stav med 4.00. Erik Hovlandsdal tok ein fin 6.plass på 1500m, medan det vart 7.plassar til Jarle Hollund på 100m og Vidar Dahle på 800m. Pers vart det også til Karoline Hellen Nilsson på 800m med 2:18.43 og 10.plass. Tomas Windheim vart nr. 13 på 5000m og Terje Aggvin nr. 14 på 10000m, sistnemnde kunne glede seg over at han i alle fall klarte NM-kravet og dermed også er kvalifisert for NM i Kristiansand neste år. Torbjørn Lysne vart slått ut i semifinalen på 100m, og Vidar Dahle og Kristoffer Grindedal Janson fekk same lagnad i forsøket på 400m. Tomas Windheim prøvde seg med ein frekkis i 1500m-forsøket og hadde ei kjempeluke på feltet, men vart innløpt i siste sving og dermed utslått. Alt i alt ei flott NM-helg for Gular, men det var ltt leit at vi hadde så mange kvalifiserte som ikkje deltok pga. skade eller sjukdom. Vi gratulerer også 100-års jubilanten Breimsbygda IL med eit flott arrangement i strålande sommarver, og Andreas Thorkildsen og Mona Holm med velfortente kongepokalar etter kjempekast i spyd og slegge.
May Britt nr. 2 i Skåla Opp
(13.08.2011) Under laurdagens Skåla Opp i Loen tok May Britt Buer ein flott andreplass med 1:23.05, 3:20 etter vinnaren Antonella Confortola Wyatt. I forhold til i fjor forbetra May Britt seg med omlag halvanna minutt.
May Britt vann Fanaråken Opp og Nuten Opp
(07.08.2011) I går vann May Britt Buer Fanaråken Opp på 1.09.44, halvanna minutt raskare enn tida hennar i fjor. I dag følgde ho fint opp med å vinne Nuten Opp i Rosendal.
Sølv og kretsrekord til Frida
(07.08.2011) Under siste dag av junior-NM vart det sølv og juniorkretsrekord til Frida Berge på 2000m hinder med tida 6:57.65. Som i går vart ho knepent slått av Ingeborg Løvnes. På 3000m hinder i junior-22 vart det bronse til Erik Hovlandsdal med 9:26.16 i hans første løp på distansen, og Torbjørn Lysne var 1/100 bak persen frå i går då han tok fjerdeplass på 200m med 22.00. Alt i alt vart det 2 gull, 3 sølv og 1 bronse til Gular.
Ådne 1:51.74 i Belgia
(06.08.2011) Når NM nærmar seg så kjem gamle ringrevar ut av 'hiet' - det har vi sett før. Under eit stemne i Ninove i Belgia i dag løp Ådne Svahn Dæhlin på 1:51.74 og vart nr. 2 i D-heatet. Med dette sette han også årsbeste i kretsen. Vi har god tru på finaleplass for Ådne under NM på Byrkjelo komande helg.
Junior-NM dag 2: Gull til Ingeborg, sølv til Torbjørn og Frida
(06.08.2011) Både veret, arrangementet og Gulars medaljehaust vart betre under andre dag av junior-NM i Kristiansand. Det vart gull til Ingeborg Lind og sølv til Frida Berge på 1500m. Frida hadde best tid av desse to (4:32.97) og var vel to sekundar bak vinnaren i junior-19 klassen, Ingeborg Løvnes, medan Ingeborg Lind drog så godt som heile løpet i junior-22 klassen og vann på 4:39.78. På 400m i junior-22 vart det sølv og fin pers på Torbjørn Lysne med 49.14. Tidlegare på dagen persa han til 21.99 i forsøket på 200m, så det blir spennande å sjå kva fysioterapistudenten får til i finalen på den distansen i morgon. Elles vart det 7.plass på Erik Hovlandsdal på 1500m og Heidi Ann Bruknapp på 400m, medan Kristoffer Grindedal Janson vart nr. 8 på 400m - alle desse stilte i junior-22 klassen.
Gull til Ingeborg på junior-NM
(05.08.2011) Under første dag av junior-NM i Kristiansand tok Ingeborg Lind ein klar siger på 3000m i junior-22 klassen på pene 9:56.42. Torbjørn Lysne hadde ei stund sølv på 100m i junior-22, men då eit par av finalistane stoppa delvis opp på grunn av at dei meinte å høyre lydar frå systemet som registrerer tjuvstart, vart det omløp. Der vart han 'berre' nr. 5, på 11.18 i motvind (-1.3), 4/100 frå bronsen. Elles vart både Ivar Stefanson og Trine Vevle Westerheim klart slått ut i sine forsøksheat. Vi får tru på meir suksess for Gular i morgon, og håpar at arrangøren har brukt opp tabbekvoten sin med dagens 100m. Etter senior-NM 1996 bør dei i alle fall ha lært at hindera skal køyrast inn på stadion lenge før start, slik at dei ikkje ved innkøyring skadar utøvarar som ventar på innmarsjen og anar fred og ingen fare.
Ingvill 2:00.68
(05.08.2011) Under kveldens Diamond League stemne i London løp Ingvill Måkestad Bovim ein flott 800m og vart nr. 8 på ny årsbeste 2:00.68. Dette er likt med det nest beste løpet ho har gjort på distansen - i fjor hadde ho i tillegg til rekorden som no står på historiske 1:59.82 også eit løp på akkurat 2:00.68 og den første norske rekorden ho sette var på 2:00.82. Dette lovar godt framfor kongepokalkampen under NM på Byrkjelo og sjølvsagt før VM i Daegu - for Ingvill som rundar 30 på søndag. Vi gratulerer med dagen!
Erik Hovlandsdal 3:55.59
(03.08.2011) Vår mann på Ørlandet, Erik Hovlandsdal, har gjort det sterkt på militær 5-kamp i sommar. Under karusellstemnet på Fana onsdag viste han god form også på 'sivile' distansar med 1500-pers på 3:55.59. No er det berre 1.7 sekundar ned til persen til pappa Rune! Elles løp Ådne Svahn Dæhlin ein fin 400m på 49.89. Vidar Dahle kom inn på 50.68, men i motsetning til Ådne hadde Vidar løpt 60 og 100m først - der fekk han i alle fall vist at han er klart raskare enn sambuar Anne Dolvik!
Måkestad 1:53.20
(02.08.2011) Under dagens svenske Grand Prix stemne i Karlstad vart Kjetil Måkestad nr. 2 i D-heatet på 800m med 1:53.20 og viste dermed formstigning - spennande å sjå kva han får til på 1500 i NM. Han vart for øvrig med dette Gular-løpar nr. 50 gjennom tidene under 1:54.0.
May Britt vann Eggenipa opp
(31.07.2011) May Britt Buer vann dagens Eggenipa Opp og forbetra løyperekorden sin med omlag 1.5 minutt på ein solfylt dag på Byrkjelo, Eggenipa ligg berre nokre få kilometer frå årets NM-arena.
Torbjørn og Alexander i vinden i Sundsvall: 10.80 og 21.82
(31.07.2011) Under dagens 'wind-sprint' i Sundsvall på den svenske austkysten leverte både Alexander Karlsson og Torbjørn Lysne sterk løping. På 200m persa Torbjørn til 11.02 i forsøket, medan Alexander ikkje var mange hundredelane bak sin pers med 10.84 (godkjent vind med hhv. +1.2 og +1.3). I D-finalen slo Torbjørn til for alvor med heatsiger på 'dunderpers' (som svenskane kallar det) på 10.80, årets beste tid i Hordaland med godkjent vind. I C-finalen fekk Alexander 10.76 i +2.8. Torbjørn avanserte med dette til delt 11. plass med Alexander på klubbens alle-tiders statistikk, og har no også den høgaste enkeltpoengsummen på serielaget for menn. Trur det ville gitt gode odds før sesongen at Torbjørn skulle toppe 'poengsum-ligaen' med eit resultat på 100m! Moroa var ikkje slutt med dette, på 200m fekk Alexander og Torbjørn begge 21.82 i kvar sitt heat, Alexander persa med 25/100 i godkjent vind på +1.2 medan Torbjørn var litt uheldig og hadde +2.2 i ryggen. Alexander avanserte med dette til femteplass på klubbens alle-tiders statistikk på distansen.
Ingvill 2:03.09 i Stockholm
(29.07.2011) Under DN Galan i Stockholm i kveld løp Ingvill Måkestad Bovim inn til for henne å vere moderate 2:03.09 på 800m som gav 6. plass i B-heatet.
May Britt vann Mefjellet opp
(28.07.2011) May Britt Buer spring stort sett eit motbakkeløp kvar helg - sist helg vann ho Mefjellet Opp på Sunnmøre nokså klart. Reportasjen til Kondis finn du her: http://www.kondis.no/buer-og-bugge-vann-mefjellet-opp.4943597-127693.html
Vidar 8:27.01
(27.07.2011) Det var fleire fine Gular-prestasjonar under kveldens karusellstemne på Fana. Den beste stod Vidar Dahle for med 8:27.01 på 3000m, pers med heile 12 sekundar! Her gjorde Tomas Windheim ein fin harejobb - og no har Vidar betre pers enn Tomas på distansen! Vidar har også betre pers enn trenar Asgeir Thomassen på 400 og 3000, medan Asgeir har betre tid på 800m og 1500m - tal til ettertanke. Nest beste Gularløpar på 3000m var Terje Aggvin på 8:52.62. Torbjørn Lysne løp ein flott 300m på 34.71 - noko som kanskje indikerer at han kan få sjå 48-talet på distansen i år? Elles vann Ådne 800m greit på 1:54.86, etter å ha varma opp med ein 300m først. På 800m for damer sette Frida Berge ein fin pers med 2:15.36, og er dermed nest beste Gularjente på denne distansen i år - så får vi sjå om ho er det ved sesongslutt også.
Kjetil Måkestad 1:54.40
(26.07.2011) Idretten er så smått starta opp att med arrangement etter dei tragiske hendingane 22. juli. Under eit stemne på Bislett i kveld løp Kjetil Måkestad på 1:54.40. Kjetil har halde ein låg profil så langt i år, men dette tyder på at han kan ta opp kampen med namnebror Kjetil Foss Angeltvedt om å toppe Gularstatistikken på 1500m når sesongen er over.
Ingvill 4:08.01
(22.07.2011) Under kveldens Diamond League stemne i Monaco vart Ingvill Måkestad Bovim nr. 14 på 1500m på 4:08.01 på ein dato som i Norge ikkje vil bli hugsa for idrett, men for heilt andre og svært tragiske hendingar.
Ådne 3:54.60
(21.07.2011) Under kveldens stemne på Bislett løp Ådne Svahn Dæhlin ein fin 1500m og kom inn på 3:54.60, etter det vi kan hugse hans nest beste løp på distansen. Neste onsdag får vi tru at hans årsbeste (og klubb-årsbestetida til Vidar) på 800m blir forbetra på karusellstemnet på Fana. Elles debuterte Hallvard Nilsen på 10000m med 33:11.83.
Bomtur til Heusden
(16.07.2011) Sett med Gular-auge var det lite å juble for under KBC Nacht of Athletics i belgiske Heusden i går. Vidar Dahle kom inn på nokså moderate 1:53.40 på 800m, medan Kjetil Foss Angeltvedt ikkje kom til mål på 5000m.
May Britt tok bronse i motbakke-NM
(16.07.2011) Det vart bronse til May Britt Buer under NM i motbakkeløp. Dette meisterskapet var innlagt i årets Kvasshovden Opp i Ulvik. May Britt vart nr. 3 bak Kirsten Marathon Melkevik og Heidi Weng på ei tid som var 11 sekundar betre enn det ho vann løpet på i fjor. I veteranklassene vart det gull til Anbjørn Mellingen i klassen 55-59 år og bronse til Geir Storetvedt Skaten i klassen 35-39 år, begge desse brukte lenger tid til toppen enn May Britt gjorde.
Sølv i veteran-nordisk
(16.07.2011) Første helga i juli vart nordisk meisterskap for veteranar arrangert i finske Lappeenranta (eller Villmannstrand som det heiter på svensk). Gulars Magne Limevåg tok ein fin andreplass på 100m i klassen 80-84 år med 18.07, han vart og nr. 6 i kule.
Thorleif Evanger over NM-kravet i stav
(14.07.2011) Under eit stavstemne på Fana stadion i kveld kvalifiserte Thorleif Evanger seg til NM då han persa med heile 11 cm til 4.22, 2 cm over NM-kravet. Med dette er han nr. 8 på årets norske statistikk. Det er rundt 25 år sidan vi har hatt mannlege deltakarar i stav på NM senior, Henning Hofstad var den forrige ein gong på midten av 1980-talet.
May Britt nr. 22 i EM fjell-løp
(11.07.2011) May Britt Buer gjorde ein fin innsats i sin internasjonale debut då ho vart nr. 22 i EM i motbakkeløp i tyrkiske Bursa i går. Ho vart snaut 4 minuttar etter vinnaren i den 8.5 km lange løypa (vinnartid 48.44), og saman med Kirsten Marathon Melkevik og Kjersti Karoline Danielsen vart det fjerdeplass til Norge i lagkonkurransen. Flott levert - vi minner om at 20.plass var Jon Tvedt si beste plassering i denne meisterskapen.
Torbjørn Lysne med fine persar i Gøteborg
(11.07.2011) Under VU-spelen i Gøteborg i helga sette Torbjørn Lysne flotte persar både på 200m og 400m, med 22.07 og 49.30. Vi håpar at fysioterapistudenten ser både 10, 21 og 48-talet i løpet av sesongen. Vi vil også trekke fram unge Sondre Dingsør Skogen sitt fine løp på 2:03.91 på 800m i gutar 15 år - neste år kjempar han nok om ein plass på Kollen-laget. Elles var det innsats på det jamne av våre deltakarar laurdag og søndag.
Ingvill nr. 6 i Diamond League i Birmingham
(11.07.2011) Under Diamond League stemnet i Birmingham leverte Ingvill Måkestad Bovim sitt beste løp for sesongen med 4:06.82 som gav ein flott sjetteplass berre vel sekundet bak vinnaren. I eit heat med betre fart (les: eit felt som ikkje slepper haren), trur vi persen på 4:02 er i fare, og dette gjer oss til forsiktige optimistar framfor VM i Daegu i slutten av august. Vi tar også med at Ingvill var nest beste norske deltakar plasseringsmessig under dette stemnet - berre spydesset Andreas Thorkildsen, som vann, kom høgre opp på resultatlista av dei norske enn Ingvill.
Vidar i framgang i Belgia
(11.07.2011) I serien 'flere byer i Belgia' hadde Vidar og Kjetil denne laurdagen kome til Kortrijk. I B-heatet på 1500m vart det 5. og 6. plass på Vidar og Kjetil på hhv. 3:53.71 og 3:53.82 under ikkje optimale forhold. Vidar opna forsiktig, men avslutta løpet sterkt og var berre tidelar bak persen. Kanskje kan han gje Kjetil kamp om å toppe årets klubbstatistikk på distansen - viss då ikkje Kjetil Måkestad skulle blande seg inn i den diskusjonen? Neste laurdag spring Vidar 800 og Kjetil 5000 i nok eit stemne i Belgia - då trur vi persane lever farleg!
Erik med 8:31.43 på 3000m i Trondheim
(09.07.2011) 1.Erik Hovlandsdal 8.31.43, 2.Emil Lerdahl 8.41.18, 3.Martin Hoset 8.57.32. Erik lå et stykke bak Lerdahl da det var en runde igjen, men avsluttet knallsterkt. Det rapporteres om rundt 45sek på siste 300m, noe som tyder på at persen på 8:31.06 er moden for en kraftig revisjon. Kanskje pappa Runes 'familierekord' på 1500 (3:53) også lever farlig utover sesongen?
Kretsrekord av Ingeborg
(09.07.2011) Under første dag av VU-spelen i Gøteborg gjorde Ingeborg Lind eit fint debutløp på 3000m hinder med 10:56.15 og andreplass under dårlege vertilhøve. Med dette forbetra ho Bertine Færø sin junior-22 kretsrekord med heile 23 sekundar, og Johanna Sjøgren sin klubbrekord vart slått med heile 80 sekundar! Vi ønsker Ingeborg og våre andre deltakarar på VU-spelen lukke til under resten av stemnet, Ingeborg spring 1500m i dag og vi har også fleire andre løparar av begge kjønn i aksjon på distansar frå 100 til 1500 meter under denne årlege massemønstringa i Gøteborg.
Flotte 1500-persar i Arna
(07.07.2011) Mykje fin 1500m-løping under gårsdagens seriestemne på det nye flotte anlegget i Indre Arna. Etter fin harejobb av Eirik Myrmel i 900m tok Tomas Windheim kommandoen og løp inn til fin pers 3:56.85. Bak følgde Anders Huun Monsen på 4:00.04 og Bjørnar Lillefosse på 4:01.49, pers på begge. Anders var fattige 5/100 frå å bli Gularløpar nr. 100 under 4:00. Tomas avanserte til 68.plass på klubbens alle-tiders statistikk, og har no betre pers enn mellom andre Tommy Laitinen. Jonas Dalland sette årsbeste med 4:09.24. Flotte persar vart det også på 15 år gamle Naomi van der Broeck i lengde (5.07) og 100m (13.17), begge delar årsbeste i klubben og 100m-tida er dessutan under kravet til junior-NM. Vi håpar nokre av dei eldre jentene våre tar opp konkurransen om klubbårsbeste i desse øvingane!
Frida utslått i VM U18
(06.07.2011) Det vart ikkje finaleplass på Frida Berge under VM U18 i franske Lille. Ho vart nr. 9 i heat 2 på 1500m på 4:31.81, persen på 4:25.85 hadde akkurat vore god nok til å gå vidare på tid. Frida og pappa/trenar Hans Jakob var var naturleg nok ikkje nøgde, men dette er det nest beste løpet Frida har på distansen, og uansett er det ein prestasjon berre å kvalifisere seg. VM U18 er nok ei svært nyttig erfaring å ta med seg vidare i karrieren, no er junior-NM i Kristiansand om ein månads tid neste mål.
Lillestrøm: Ingvill 2:01.27
(04.07.2011) Ingvill Måkestad Bovim løp ein fin 800m på Lillestrøm der ho vart klokka inn på 2:01.27 i B-heatet for menn, 11/100 bak årsbeste. Tempoet i herreheatet vart nok i hardaste laget (1:58 på dårlegaste herreløpar), så vi synest det lovar bra framfor helgas 1500m i Birmingham. Elles var det moderat løping og ingen nye persar eller årsbeste: 10.87, 10.95 og 11.12/22.30 på sprinten for Jarle, Alexander og Torbjørn - alle løp i lett medvind, og 1:53.56 på Ådne på 800m.
Strandebarm dag 2: Fint sololøp av Bjørnar, Kjetil Steinstø klarte kravet til junior-NM
(03.07.2011) På 3000m i Strandebarm i dag tok Bjørnar Sandnes Lillefosse ein overlegen siger med 8:55.44, persen på 8:47 vil nok stå for fall i eit betre felt. Bak han sørga Bjarte Bogstad for dobbelt Gular på moderate 9:14.67 etter eit hardt spurtoppgjer med eks-Gular løpar (no BFG) Bjarte Eikanger. I tresteg var Kjetil Lammedal (16) beste hoppar frå samarbeidsklubbane med 12.80, medan eit år eldre Kjetil Stenstø persa til 12.74 og klarte dermed kravet til junior-NM. Frå 3000m noterer vi elles at Hilde Aasheim frå Osterøy skubba Ingeborg Lind ned frå topp-plassen på årets krets-statistikk på 3000m då ho persa med 9:47.54, vi får tru at Ingeborg (eller Frida?) kan ta tilbake topp-plassen på lista utover i sesongen.
May-Britt tatt ut til EM motbakkeløp i Tyrkia
(03.07.2011) Vår sterke og konkurransevillige motbakkeløpar May Britt Buer er tatt ut til EM i motbakkeløp i Tyrkia neste helg. Løpet går søndag 10.juli, og er ca 9km langt med 900m stigning. Dette burde passe May Britt bra, sjølv om ho kanskje hadde ønska at løypa var enno brattare. Vi ønsker lukke til!
Belgia: Kjetil 8:19.71
(02.07.2011) Kjetil Foss Angeltvedt persa i det sjette løpet på rad då han vann B-heatet i Memorial Buyle i belgiske Oordegem-Lede i kveld. 8:19.71 førte den framgangsrike personlege trenaren på SATS opp på 25.plass på klubbens alle-tiders statistikk. I C-heatet på 800m gjorde ikkje haren jobben sin, og det vart eit rotete løp for Vidar Dahle som vart nr. 5 på 1:52.76. Vidar og Kjetil skal saman med Morten Velde vere i Belgia eit par veker og konkurrere, vi får tru dei også får med seg namna på litt fleire byar i Belgia enn kva stakkars lille Marius klarte å hugse i Alexander Kiellands klassiske roman Gift frå 1883.
Strandebarm dag 1: Persar på Heidi Ann og Tomas
(02.07.2011) Frå første dag av Hardanger Friidrettsfestival har vi berre fått med oss tidene på 800m, men det er jo alltid ei interessant Gular-øving. I dameklassen vann Heidi Ann Bruknapp på 2:16.77, pers med 7/100. Like bak følgde Frida Berge på nesten-pers 2:17.05, og lenger bak vart det også pers på Trine Vevle Westerheim med 2:22.20 og Marte Svahn Dæhlin med 2:23.03. Etter ein nokså moderat sesongstart ser det ut til at Heidi Ann held på å finne formen - under 2:15 burde vere innanfor rekkevidde under VU-spelen i Gøteborg neste helg. I herreklassen vann Ådne Svahn Dæhlin på 1:56.23, det blir nok meir fart over han på elitestemnet på Lillestrøm måndag. Tomas Windheim persa til 1:59.41 (endeleg under 2:00!), og deretter følgde Bjørnar Sandnes Lillefosse (1:59.75), Ivar Stefansen, Kristoffer Grindedal Janson og Jonas Dalland. Med litt betre opningsfart burde alle desse seks ha kome seg under 2:00, ved neste høve burde det kunne bli fleire persar.
Lausanne: Ingvill 4:10.76
(01.07.2011) Under gårsdagens Diamond League-stemne i sveitsiske Lausanne vart det 12.plass med 4:10.76 på Ingvill Måkestad Bovim. Ho hang fint med feltet i 1100m, men hadde lite å stille opp med då det tok til å gå fort på slutten. Vi får tru det går fortare i Birmingham neste helg - det er jo framleis ei god stund til VM i Daegu då toppformen skal vere inne.
Sollentuna: Kjetil 3:49.35, Anders 14:40.71
(28.06.2011) Under dagens svenske Grand Prix-stemne i Sollentuna utanfor Stockholm vart det fine persar til Kjetil Foss Angeltvedt og Anders Huun Monsen. Kjetil sette pers i femte løpet på rad(!) då han tok 4.plass i B-heatet med 3:49.35. I tillegg til å bryte 3:50-grensa for første gong avanserte han kraftig på klubbens alle-tiders statistikk og er no nr. 28 på denne klassiske distansen der Gular har hatt mange sterke løparar. Han har no betre pers enn både Knut Forthun, Arne Risa, Ådne Svahn Dæhlin og Asgeir Thomassen! Anders persa med snaue 10 sekundar og kom inn på 14:40.71, som førte han forbi mellom andre Tommy Laitinen på Gulars alle-tiders statistikk. Tre mann under 14:41 i same sesong har vi ikkje hatt på over 20 år - det må litt statistisk forsking til for å finne ut når det sist skjedde. Elles viste Vidar Dahle litt formstigning med 1:51.86 og årsbeste på 800m, medan Tomas Windheim (15:00.93 på 5000m) og Jonas Lurås Hammer (braut på hinder) begge hadde ein tung dag.
Alexander 10.81, Jarle 10.83
(26.06.2011) Under siste dag av Veidekkelekene leverte sprintarane våre nok ein gong bra prestasjonar. Alexander vart nr. 4 i finalen på 100m med 10.81 og Jarle nr. 5 på 10.83. Torbjørn Lysne sette ute-pers i forsøket med 11.10 (alle tider i godkjent vind). 10.81 gir 891 seriepoeng, det beste på herresida så langt i år - så får vi sjå om det forandrar seg etter at vi har hatt fem mellom/langdistanse løparar i aksjon i svenske Sollentuna på tysdag (28.6). Vi registrerer elles at Jonas Dalland nærmar seg formen - 2:00.15 er det beste han har levert på 800 i Gular-drakt, så får vi tru at han og fleire andre kjem godt under 2:00 i Strandebarm på laurdag.
May Britt nr. 2 opp Storehesten
(25.06.2011) Under Storehesten Opp i Sunnfjord i går vart May Britt Buer nr,2 i dameklassen, om lag to minuttar bak vinnaren Heidi Weng. May Britt løp heile to og eit halvt minutt fortare enn i fjor, og leiar framleis Norgescupen. Dersom Norge stiller lag i EM i motbakkeløp (det gjorde vi ikkje i fjor) er ho sjølvskreven på laget. Fin reportasje på www.kondis.no
Medvind på Lillehammer: Torbjørn 21.95, Alexander 22.13
(24.06.2011) Under andre dag av Veidekkelekene på Lillehammer leverte Torbjørn Lysne og Alexander Karlsson sterke 200.metrar. I B-heatet vart dei klokka inn til 21.95 og 22.13 (første og tredje plass), men dessverre viste vindmålaren +3.8, godt over grensa på 2.0 for godkjente tider. Likevel flott løping som lovar godt for resten av helga, vi håpar på nye persar på 100 (og 400 for Torbjørn).
Anders vann løpskarusellen
(22.06.2011) Anders Huun Monsen tok ein klar siger på 5km i BFGs sommarkarusell måndag. Med 15:13 vann han med vel minuttet. Såpass bør det då også løpast av ein som har mål om å løpe på 14:30-talet på bane i sommar. Elles er det jo greit at dei som vanlegvis vinn lokale gateløp blir mint om korleis nivået faktisk er mellom dei beste løparane i kretsen!
Frida klar for VM U18
(22.06.2011) Frida Berge er mellom dei totalt 19 norske utøvarane som er tatt ut til VM U18 i franske Lille 6-10. juli. 1500m forsøk der Frida deltar går onsdag 6.juli kl 10.50, med finale laurdag 9. juli kl 18.35. 10.plassen på verdsstatistikken for dei som er 16-17 år og dermed kan stille i VM U18 er 4:22.64 medan Frida har 4:25.85, så det skulle vere visse sjansar for ein finaleplass for 17-åringen frå Ølve.
Ingvill vann 1500m i EM for landslag - og norsk opprykk!
(19.06.2011) Etter 4. plass med på 800m med 2:02.64 første dag tok Ingvill Måkestad Bovim heim sigeren på 1500m i dag. I eit lureløp vann ho med 4:25.92, 13/100 før den finske jenta på andreplass. Norge rykka opp saman med Tyrkia og Hellas - til og med med eit lag utan bergensarar - sjølv om med landslagssjef og visepresident på plass var det nok ein del bergensk å høyre på tribuna! Litt morosamt er det elles at Frida Berge framleis toppar klubbstatistikken på 1500m for i år, 7/100 føre Ingvill, men det varer nok ikkje så lenge.
Tyrving: Jarle 10.82, Torbjørn 50.18
(19.06.2011) Under siste dag av Tyrvinglekene leverte Alexander Karlsson og Jarle Hollund sterke løp på 100m. I finalen fekk begge 10.82 i passeleg medvind (+1.3), med Alexander dømt først. I ettertid (!) vart dessverre Alexander diska for tjuvstart. På Lillehammer neste helg lever persane på 10.80 og 10.78 farleg.... Torbjørn Lysne vart utslått i forsøket med 11.39 i lett motvind, men sette seinare på dagen klubb-årsbeste på 400m med 50.18. 10.82 er poengmessig i følge serietabellen årets beste herre-resultat, tilsvarande 1:51.1, 3:47.9, 8:13.8, 14:12.0 på 800m-5000m, 8:54.0 på hinder og 69.15 i spyd- så får vi sjå kven som står med høgast poengsum når sesongen er over!
Pers på Bjørnar: 1:59.52
(18.06.2011) Vi hadde berre ein deltakar på Tyrvinglekene i dag - Bjørnar Lillefosse frå Strandebarm. Med 1:59.52 på 800m persa han med to tidelar i sin første konkurranse på lenge. Kanskje kan han forbetre seg ein del meir på heimebane i Strandebarm om to veker - då blir Hardanger Friidrettsfestival arrangert og vi reknar med god Gular-deltaking der.
May Britt først opp Molden
(18.06.2011) May Britt Buer forsvarte sigeren sin frå i for og vann Molden Opp i Luster i dag med to minuttar ned til nr.2, Therese Sjursen frå BFG Fana. Resultata finn ein på www.moldenopp.no. Sist helg heldt ho seg på meir heimlege trakter og var første kvinne opp lia frå Aga i Sørfjorden: http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/article5637815.ece.
Flotte 3000-persar på Nadderud: Ingeborg 9:48.71, Kjetil 8:21.81
(17.06.2011) Under første dag av Tyrvinglekene vart det flotte 3000-persar til Ingeborg Lind og Kjetil Foss Angeltvedt. Ingeborg pressa junior-22 klubbrekorden ned med over 8 sekundar til 9:48.71, og var med det vel eit sekund føre skistjerna Astrid Uhrenholdt Jacobsen. Kjetil persa med 3.6 sekundar til 8:21.81 i eit løp med ujamn fart i feltet, 62 på sisterunden tydar på at han har meir å gå på. Han vart nr.3, dei to første var også på 8:21-talet. Kjetil har no betre pers enn Lars Røttingen, men har 4 tidelar fram til Terje Aggvin sin pers. Tomas Windheim slokna på slutten og kom inn på 8:39.02. På 200m vart det 22.59 på Alexander Karlsson i hans første 200 for sesongen, mens Torbjørn Lysne kom inn på 22.64.
Ingvill på landslaget og klar for VM
(13.06.2011) Som venta er Ingvill Måkestad Bovim tatt ut både på 800m og 1500m til komande helgs EM for landslag i tyrkiske Izmir. Norge rykka jo ned frå superligaen på Fana i fjor, og skal det bli opprykk i år, er nok Ingvill mellom dei som må ta bortimot full poengpott (dvs. vinne) på begge distansane. Tidene blir vanlegvis ikkje dei heilt store på EM for landslag, men den norske årsbesten på 1500m (4.20) overlever nok ikkje helga. I Izmir er det for tida mellom 25 og 30 varmegrader, altså ikkje så steikande varmt som ein kunne frykte. Det er elles dårleg med hordalendingar på laget, tresteghoppar Sindre Almsengen frå Norna er den einaste frå ein hordalandsklubb utanom Ingvill. Sjølv om ein tar med 'utflyttarane' Thomas Solberg Eide og Kristin Sundsteigen så er det fortsatt få her frå fylket - er Hordaland eit breiddefylke men ikkje eit toppfylke når det gjeld friidrett? Ingvill er også tatt ut til VM i sør-koreanske Daegu til hausten, 1500m forsøk går søndag 28. august.
Watford: Tomas 14:35.86
(11.06.2011) Gular var representert med 3 løparar under det andre stemnet i British Milers Club-serien i Watford i utkanten av London i går. På 5000m persa Tomas Windheim med heile 12.58 sekundar (dvs. eit sekund pr runde) og kom inn på 14:35.86 og 16.plass i B-heatet (!) etter ein sterk sisterunde. Han er no nr. 29 på klubbens alle-tiders statistikk, sjølv om han er berre 8 sekundar etter Kjetil som er 10 plassar lenger oppe - det er tett rundt 14:30.¨På 800m vart det 1:52.75 (årsbeste) på Ådne (nr. 8 i C-heatet) og 1:53.64 på Vidar (nr 6 i E-heatet). Etter det vi kan sjå er dei no nr. 9 og 10 på årets Norgesstatistikk - vi reknar med at dei ikkje har tenkt å slå seg til ro med det.
Solide 5000-persar i Gøteborg - Ingeborg 17:14, Kjetil 14:27
(11.06.2011) Det vart flotte persar på 5000m både for Ingeborg Lind og Kjetil Foss Angeltvedt under dagens svenske Grand Prix stemne i Gøteborg. Først ute var Ingeborg, som vart nr. 7 og persa frå 17:56 til 17:14.58 - klubbrekord med 1 minutt og 20 sekundar og vel halvminuttet under familierekorden til mamma Åse. Deretter var det Kjetil sin tur, han satsa tøft, hang med teten og passerte 3000m på 8:32, men fekk det litt tungt mot slutten. Han kom inn på femteplass og sette pers med heile 16 sekundar til 14:27.49 - beste Gulartid sidan KM på Fana 1998 og nr. 19 på alle-tiders-statistikken. Vi trur begge to har ein god del meir å gå på både på 5000m og andre distansar, så det kan bli mange persar å bokføre i løpet av sommaren.
Flott løping av jentene på Bislett Games
(09.06.2011) Under kveldens Diamond League stemne løp Ingvill Måkestad Bovim 800m på 2:01.16 og vart nr. 10 i det knallsterke heatet. Dette er det tredje beste løp hennar på distansen gjennom tidene, og med litt meir fartstrening trur vi nok at fjorårsrekorden på 1:59.82 blir slått - Ingvill ser ut til å vere i god rute fram mot VM i koreanske Daegu i månadsskiftet august/september. Dagens bombe sto Frida Berge for med ein knallsterk 9 sekundars pers på 1500m, med 4:25.85 er ho no langt under VM U18 kravet på 4:33.00. Til samanlikning hadde Ingvill 4:21.44 då ho var på same alder (17 år) som Frida er no. Også flott pers av Ingeborg Lind med 4:30.52 - Ingeborg som alt på laurdag skal løpe 5000m i Gøteborg. Kan vi ha eit håp om å sjå 16-talet? Vidar Dahle har prioritert avslutning av studiane dei siste vekene, så det var godt å sjå at han er i gang igjen sjølv om 1:52.21 kanskje ikkje heilt var det han hadde håpa på - vi har tru på at Vidar kjem under 1:50 litt utpå sommaren. Elles noterer vi frå Bislett mange gode prestasjonar av dei norske - spesielt på herresida - nivået her heime mellom bakkar og berg har blitt mykje betre dei siste åra. For våre aktive betyr det at lista no ligg mykje høgare for å hevde seg nasjonalt både individuelt og i stafett, vi reknar med at dei tar den utfordringa!
May Britt først opp Hovlandsnuten
 |
(06.06.2011) Klubbens skarpskodde brefører May Britt Buer klatret raskest av alle opp Hovlandsnuten på lørdag. Løpet inngår i Salomon norgescup i motbakkeløp, og med seieren inntok May Britt lederposisjonen i cupen etter at to løp er unnagjort. Hvis vi har forstått NFIF sine uttakskriterier rett vil ledelse også etter tredje løp kvalifisere May Britt til EM. Så da er det bare å krysse fingrene for at Oddajenten fortsetter i det samme fine sporet.
|
Framo dag 4: Sterk 3000
(05.06.2011) Det var 3000m som gleda mest på fjerde og siste dag av Framolekene. Kjetil Foss Angeltvedt vann på 8:25.41, pers med vel tre sekundar. Hakk i hæl følgde Anders Huun Monsen på nesten-pers 8:26.66 og deretter kom Erik Hovlandsdal på fin pers 8:31.06 - under kravet til NM for senior. Elles fin pers i lengde (6.10) av 16-åringen Kjetil Lammedal frå Strandebarm og Ådne Svahn Dæhlin løp ein grei 400m på 50.61 og vart beste Gulargut på det. Sist men ikkje minst gjorde 15-åringen Sondre Dingsør Skogen frå BT eit flott løp då han vann 400m i sin klasse med 53.77 - kanskje kjempar han om å kome på elitelaget i Holmenkollstafetten i 2012?
Florø: Ingvill rekord - 2:36.7, bra sprint av Alexander og Torbjørn
(04.06.2011) Under Florø Friidrettsfestival vart Ingvill Måkestad Bovim nr. 3 på 1000m på 2:36.7 - ny norsk og nordisk rekord med 2 sekundar. Vi er ikkje heilt sikre på om rekorden blir godkjent sidan dei løp for langt og tida på korrekt distanse er manuell - men uansett eit veldig sterkt løp av Ingvill - vi anslår det til å vere verdt i underkant av 2:01.0 på 800m. Elles bra løping av sprintarane våre - dei har jo vore nokså anonyme så langt i år. 10.86 i godkjent vind på Alexander Karlsson i B-finalen etter 10.87 i medvind i forsøket. Her hadde Jarle Hollund og Torbjørn Lysne hhv. 11.00 og 11.14 i medvind i forsøket. Torbjørn gjorde eit sterkt løp på 200m og persa til 22.18 i optimal medvind +2.0 - dette heldt akkurat til å kome inn på topp-10 på klubbens alle tiders statistikk.
Framo dag 3: Kjetil 3:51.74, Ingeborg 4:36.58
(04.06.2011) Under dag 3 av Framolekene var det mykje bra 1500m-løping. Kjetil Foss Angeltvedt persa med vel 3 sekundar til 3:51.74, slått med 4/100 av Filip Ingebrigtsen frå Sandnes. Kjetil er dermed nr 40 på klubbens alle tiders statistikk, og har no betre pers enn for eksempel Terje Aggvin (3:51.84 frå før han kom til Gular). Erik Hovlandsdal årsdebuterte på bane med pene 3:58.64, og Anders Huun Monsen persa med rundt 3 sekundar og kom inn på 4:00.45. Anders var dermed svært nær å bli Gularløpar nr 100 under 4:00 på 1500m. Av jentene var det nok ein gong Ingeborg Lind som var best med ny pers 4:36.58, føre Frida Berge (4:39.19 og årsbeste) og Ida Kjelkenes (4:39.45 på årets første 1500m).
Framo dag 2: fleire fine persar
(03.06.2011) Det vart sett ein del fine persar under dag 2 av Framolekene. Kjetil Lammedal frå Strandebarm persa til 13.15 i tresteg, pent resultat i 16-årsklassen. Elles var det på 800 persane kom - 1:59.51 på Ivar Stefanson frå BT, 2:06.23 på 15-åringen Sondre Dingsør Skogen også frå BT og 2:22.31 på Trine Vevle Westerheim frå Korlevoll-Odda. Vi noterer også at Heidi Ann Bruknapp tok over topp-plassen på 800-statistikken i klubben i år med 2:17.33. Vidare fekk Karoline Hellen Nilsson 2:22.05 i sitt første individuelle baneløp for året.
Kretsrekordar til Ingeborg og Frida
(02.06.2011) Under første dag av Framolekene vart det kretsrekordar både til Ingeborg Lind og Frida Berge på 2000 m hinder. Ingeborg vann i sitt debutløp på hinder med fine 6:58.39, omlag 6 sekundar betre enn Frida si gamle bestenotering frå i fjor. Strengt tatt er dette 'berre' ei bestenotering og ikkje ein offisiell rekord då 2000m hinder ikkje er offisiell rekordøving for senior og junior-22. Frida kom inn på 7:01.42 trass i mageplask i vassgrava, og sette med dette kretsrekord i junior-19 klassen. Jonas Lurås Hammer løp sitt første hinderløp i Gulardrakt, og kom inn til ein klar siger på 9:17.26 - beste Gulartid sidan år 2000. Vi får tru at persen på 9:12 blir slått ved neste høve, og kanskje kan EM U23-kravet på 9:00 vere innanfor rekkevidde? Frida trur vi har betre sjansar på VM U18-kravet på 1500/3000 enn på hinder (6:50), medan 10:20 på 3000m hinder (EM U23-krav) nok kan bli vanskeleg for Ingeborg å klare. Men i motsetning til Jonas og Frida har vi ikkje høyrt noko om at Ingeborg har ambisjonar om internasjonal meisterskapsdeltaking i år...
|