Dette minner om 2005- Lars

8. juni 2008; Bjarte Bogstad

(08.06.2008) Under helgas Tyrvingleker på Nadderud var det Lars Røttingen og Jon Anders Løkkevik som gleda mest. Lars tok heim sigeren i eit sterkt 3000-felt søndag kveld på pene 8:23.74, berre vel sekundet bak persen frå 2005. I forsøksheatet på fredag sette Jon Anders Løkkevik pers på 100m med 11.18 i godkjent medvind. Dette er under senior-NM-kravet (11.25), og berre 2/100 bak Hovdingrekorden i gutar 17 som Thomas Mellin-Olsen er innehavar av. I finalen på eit vindstille Bislett om ettermiddagen same dag vart det 11.27 og 3.plass i gutar 17.
Men det var også mykje anna å glede seg over av helgas prestasjonar. Torbjørn Lysne (18) sette årsbeste på 100m med 11.45, berre 3/100 bak fjorårspersen. På 200m vart det siger i B-heatet med 23.14 i for mykje medvind. Bergens Turn-jentene gjorde det også bra: Solveig Bygstad (16) persa både i lengde (4.94) og  på 100m (13.54). Katrine Berg Nødtvedt (18) persa på 400m med 62.16 og i lengde med 4.93, og på 100m vart det tangering av persen på 13.40. Sterke 27.04 på 200m var under junior-NM-kravet på 27.10, men dessverre  var medvinden litt for sterk (+2.3). Helene Hofstad vart nr. 3 i slegge jenter 17 med 45.18.
Ida Kjelkenes sette årsbeste på 800m med 2:17.55, og senior-NM-kravet på 2:14.99 burde vere innanfor rekkevidde i neste løp. På 400m vart det også årsbeste for Ida, 60.76 er berre 9/100 bak fjorårspersen. På 3000m for menn var vi godt representert i tillegg til vinnaren Lars; Tommy Berland  Laitinen vart nr. 9 på 8:39.40, Anders Huun Monsen nr. 14 på 8:45.08, Tomas Windheim nr. 15 på flott pers 8:45.63 og Asbjørn Høyem  Amundsen nr. 21 på 8:51.14. Alle resultater finner dere her.

??? link.top ??? ??? link.login ???