|
Idrottslaget Gular
Friidrettsgruppen Kong Oscarsgt. 15 5017 Bergen E-post: mail@gularfriidrett.no Orgnr.: 983 548 121 |
Jarle under 11 på 100 og Ida under 60 på 40029. juni 2008; Bjarte Bogstad
(22.06.2008) Jarle Hollund gjorde eit kjempeløp i finalen på 100m under Veidekkelekene søndag. Han vann U22-klassen på flotte 10.81, dessverre i litt for mykje medvind (+2.1). Persen frå 2006 er på 10.97. Alexander Karlsson løp jamt med Jarle i forsøket, men kjente ein skade i finalen og måtte nøye seg med 11.24. Nykommar Christian Marthinussen persa med 11.60 i motvind. På jentesida gleda Anne Hansen mest med fin ny pers på 100m: 12.68. Under Veidekkelekene på Lillehammer laurdag sette Ida Kjelkenes ein fin pers på 400m med 59.74. Ho vart dermed første Gularjente under minuttet på runden sidan Ingrid Sture løp på 58.20 i 1995. På 3000m vart det fin pers til Mari Skar Manger med 10:50.36 - ho har no betre pers enn Ida på den distansen. Vi noterer oss også at Tone Aarthun løp sitt beste løp i Gulardrakt så langt med 61.53, nokre få hundredelar bak persen frå 2005. I går var det mykje sterk løping på 200 meter. Alexander Karlsson persa med 19/100 til 22.38, og vann U22-klassen. Torbjørn Lysne sette årsbeste med 23.37, og Joakim Dang persa til 23.73. På jentesida vart det fine persar både til Anne Hansen (25.96) og Aina Løkkevik (26.12). Den største framgangen stod likevel unge Annette Holmedal for. 15-åringen persa til 26.87, og klarte dermed junior-NM-kravet på 27.10 med god margin. Annette er berre ei av mange lovande Hovdingjenter i 1993- og 1994- årsklassene, trenarane i Hovding har gjort ein flott jobb her. Alle resultata frå Lillehammer finn du her: http://www.andro.no/webres/veidekkelekene/2008/ |
