Rekord og sølv til Katrine på NM

11. oktober 2008; Knut Forthun

(20.07.08) Katrine Haarklau var frontfiguren for Gular under årets NM i Trondheim. Katrine hoppa 3.85 i stav og sette norsk juniorrekord, dette heldt til sølv bak kongepokalvinnar Cathrine Larsåsen frå BUL som sette norsk rekord med 4.30. Katrine hadde også gode forsøk på 3.95, kanskje klarar ho det i neste stemne, som er i Stockholm på tysdag. 17-åringen frå Bønes sette også pers (og klubbrekord) i forsøket på 100m hekk med 14.30. Mot er jo viktig i stavsprang, og Katrine viste også at ho er modig på andre måtar då ho mellom hoppa tok rundt seg eit handkle der det stod Brann med store bokstavar, noko som vart kommentert av speaker - Lerkendal er jo berre ein joggetur unna friidrettsstadion på Øya i trønderhovudstaden. Den som imponerte oss mest i tillegg til Katrine var ein utøvar som er dobbelt så gammal. Til dagleg er Terje Aggvin (34) bonde på Varaldsøy, langt frå næraste friidrettsbane. Fredagen løp han inn til ny pers på 14:32.20, noko som gav 8.plass i eit sterkt 5000-felt.

Dette var beste Gular-tid på distansen på 10 år, og viste at Terje har funne ein god måte å kombinere gardsarbeid og løping på. Laurdag vart det bronse på 3000m hinder med 9:20.88. Ådne Svahn Dæhlin tok den tredje medaljen med 1:53.06 og bronse på 800m i eit lureløp. Dette var eit steg i rett retning for Ådne, og vi trur det kan bli tider under 1:50 om ikkje så lenge. Ådne løp også siste etappe på 1000m stafett, der det vart ein 6.plass. Blant sprintarane vart det ingen finaleplassar. Vi vil trekke fram Jarle Hollund, som persa til 10.93 i forsøket på 100m trass i ein dårleg start. Han vart dermed den tolvte Gularløparen gjennom tidene under 11.00. Det var også bra stafettløping av Andreas Kristiansen og Alexander Karlsson. På 1500m tok Vidar Dahle ein 8.plass, nokre få hundredelar føre Lars Røttingen. For resten av resultata viser vi til friidrett.no.

 

Under stemnet fekk Quincy Douglas utdelt Norges Fri-idrettsforbunds gullmedalje for aktiv idrett. Quincy har dominert 400m i Norge i over 10 år, og har til saman 44 NM-gull og også mange norske rekordar. Dette var ei flott avslutning på ei lang karriere for Quincy. Han vart den femte Gular-utøvaren som får tildelt denne medaljen, tidlegare har Arne Hamarsland, Arne Risa, Håkon Fimland og Knut Hjeltnes fått den.

??? link.top ??? ??? link.login ???