|
Idrottslaget Gular
Friidrettsgruppen Kong Oscarsgt. 15 5017 Bergen E-post: mail@gularfriidrett.no Orgnr.: 983 548 121 |
Gull til Katrine og Anne på UM11. oktober 2008; Bjarte Bogstad
31.08.2008) Under helgas ungdomsmeisterskap (UM) i Sigdal vart det totalt 2 gull, 4 sølv og 2 bronse til våre samarbeidsklubbar Hovding og Bergens Turn. Mestvinnande var Hovdings Anne Hansen, med gull og klubbrekord på 300m hekk (44.04), og sølv på 100m og 200m i jenter-17. Jamgamle Katrine Haarklau frå Bergens Turn vann stav på 3.50 og tok dessutan sølv på 100m hekk. Vidare vart det to medaljar til 16 år gamel Solveig Bygstad frå BT, sølv i stav med 2.60 og bronse i tresteg og solid pers 10.80 (på bronsehoppet på 10.93 var medvinden for sterk). Den siste medaljen gjekk til Steinar van der Meeren frå Bergens Turn, som persa med 1/100 til 50.21 på 400m. Dette heldt til bronse i gutar 18-19 år. Steinar sette forøvrig også fin pers på 200m med 23.32, noko som ikkje heldt til finaleplass. Det vart elles fine persar på Hovdings Joakim Dang (11.57 på 100m og 6.37 i lengde i gutar 18-19 år). |
