|
Idrottslaget Gular
Friidrettsgruppen Kong Oscarsgt. 15 5017 Bergen E-post: mail@gularfriidrett.no Orgnr.: 983 548 121 |
Rekord igjen på Katrine11. oktober 2008; Bjarte Bogstad
(07.09.2008) For tredje gong i år sette Katrine Haarklau norsk juniorrekord i stav. Laurdagens rekordhopp på 3.95 kom i finske Tampere, der ho vart nr. 2 i den nordisk/baltiske U23-landskampen. For å setje resultatet i internasjonalt perspektiv: I år er det i Europa 9 jenter på Katrine sin alder eller yngre (fødd 1991 eller seinare) som har hoppa 4.00 eller høgare. På 100 meter var det 2 heat, både Alexander Karlsson og Jarle Hollund løp i B-heatet der Alexander fekk 10.92 og Jarle 11.04. Dette heldt til 4. og 7.plass totalt. Begge løp på det norske laget på 4x100m, som vart nr. 2 med 41.32. Vidar Dahle vart søndag nr. 7 i eit lureløp på 1500m, tida vart 4:04.78. Vi tar også med eit par persar frå Fana stadion: 11.52 på 100m av Joakim Dang på karusellstemne onsdag, og 60.62 (400m) og 2:22.12 (800m) av Lena Indrebø på Gneistspelen i helga. |
